Jesus Krist, du Naadens Kjelda

Jesus Krist, du Naadens Kjelda

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Jesus Krist, du Naadens Kjelda,
Jesus Krist, du Livsens Ljos!
Lat di Gjerning fyr meg gjelda,
Ver mi Rettferd og mi Ros!
Naar mitt Samvit vil meg saka,
Og eg maa Guds Vreide smaka,
Lær meg trygt aa tru ditt Ord,
At eg er rettferdiggjord!

2 Naar meg Verdi vil misunna
Og vil røva meg din Fred,
Milde Jesus meg miskunna!
Slaa all Tvil og Tvihug ned!
Lat mitt Hjarta aldri missa
Denne s"le Von og Vissa,
At du med ditt dyre Blod
Fyr mi Synd deg sagde god!

3 Og naar Satan vil meg styggja
Burt ifraa din Naadestol
Og med mine synder skyggja
Fyr di klaare Naadesol,
Lær meg daa med Tru og Tryggja
Berre paa ditt Ord aa byggja,
At du heve Satans Magt
Under dine Føter lagt!

4 Naar eg ligg i Verk og Veika,
Saar og mod av Livsens Strid,
Lat ditt Ord i Hugen leika
Som ein Sigers Bodskap blid!
Naar eg graata maa og gruva,
Send daa Anden ned som Duva
Med det gode Bod fraa deg,
At du Siger vann til meg!

5 Jesus Krist, du naadens Kjelda,
Jesus Krist du Livsens Brunn!
Kom til meg, naar det vil kvelda,
Styrk meg i mi sidste Stund!
Naar eg skal fyr Domen møta,
Lat di Verdskyld fyr meg bøta,
So eg ved di Rettferd maa
Evigt Liv av Naade faa!


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #749

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Jesus Krist, du Naadens Kjelda
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Kjærlighed er Lysets Kilde (L. 227)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #749

Suggestions or corrections? Contact us