Det store Bodord, Gud oss gav

Det store Bodord, Gud oss gav

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Det store Bodord, Gud oss gav,
Som samanfatar alt hans krav,
Det er det Ord: Du elska maa
Din Gud av Hjartans reine Traa.

2 Ja, elska yver alt paa Jord
Din Gud i Hjarta, Gjred og Ord,
Av alt ditt Lynde, all din Hug,
Av all din Styrke, all din Dug!

3 For Gud vil hava Hjartat ditt
Med Tanke Vilje, Tru og Vit.
Han deg aaleine eiga vil:
Du honom heilt maa høyra til.

4 Det andre Bod er dette likt,
So stort og djupt og innhalds-rikt:
Du elska maa din Næste her,
So som deg sjølv du heve kjær!

5 Ja, elska Næsten, honom unn
All Gaava god av Hjartans Grunn,
So i hans Gleda du deg gled
Og i hans Sorg du syrgjer med!

6 Med trufast Hjarta honom ten,
Um han er Uven elder Ven!
Den Kjærleik, Gud skal kalla sann,
Maa elska og sin Fiendsmann.

7 So hav din Gud og Broder kjær!
Det Botnen i Guds Bodard er.
Og difyr lyder Ordet og.
At Kjærleik fyller all Guds Log.

8 Men denne Kjærleiks reine Eld,
Som alle Herrens Bodord held,
Den vantar kvar ein syndug Mann:
Guds Log no ingen halda kann.

9 Men Kjærleiken, me hadde misst,
Han kom til Jord i Jesus Krist:
Han som av Kjærleik Livet gav
Og fyllte upp fyr oss Guds Krav.

10 Fyr sine Fiendar han bad
Og døyndde so i deira Stad.
Og kvar han Rom i Hjartat finn,
Der andar han sin Kjærleik inn.

11 Aa Jesus, hjelp oss so til Tru,
At du kann i vaart Hjarta bu,
So ved din Kjærleiks Kraft me kann
Av Hjartat elska Gud og Mann!

Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #759

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Det store Bodord, Gud oss gav
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Jesu, din Ihukommelse (L. 66)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #759

Suggestions or corrections? Contact us