Born av denne Verdi er

Born av denne Verdi er

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Born av denne Verdi er
Sløgare enn Ljosens Søner:
Verdi sine Likar løner
Og seg dermed Vener fær.
Men Guds Born so jamleg ganga
I hans Ærend faavist fram:
Naar dei der skal Vinning fanga,
Verdi jamt deim gjerer Skam.

2 Sjaa, det er eit skilegt Krav,
At ein Tenar tru maa vera
Og sin Husbond Gagn maa gjera
Med dei Gaavor, som han gav.
Berre den, som trufast tener
Herren her i stort og smaatt,
Vinn seg i Guds Rike Vener
Og fær Lovord av sin Drott.

3 Med det Gods, som Gud deg gav,
Skal du her deg Vener vinna,
Vener og i Himlom finna,
Som velsigna deg i Grav,
Som med Gleda mot deg taka
I Guds Rikes ljose Bu;
Der du skal den Sæl smaka,
Som vert unnt Guds Tenar tru.

4 Dagen renn til Rekneskap,
Daa deg Herren fram vil kalla:
Tungt det vil den Tenar falla,
Som sin Herre volde Tap.
Der kvar Mann skal grannleg svar
Herren fyr sitt Hushald her,
Og kvar utru Tenar fara
Vegen, som til Myrkret ber.

5 Var du tru daa i det smaa,
Set han deg til større Æra:
I hans Hus daa skal du vera,
Med din Herre raada faa.
Jesus, l'r oss stødt aa stræva,
Trutt deg tena i vaart Kall!
Lat oss so med deg i Æra
Bustad faa i Himmelhall!


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #746

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Born av denne Verdi er
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Saligheden er os nær (L. 176)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #746

Suggestions or corrections? Contact us