Ber no Bod til Heidningland

Ber no Bod til Heidningland

Author: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Ber no Bod til Heidningland,
Bod um Ljos og Lukka
Til det Arme, som i Band
Og i Myrker sukka!
Bod, som sprengjer Fangebur,
Som kann løysa Lekkja,
Brjota gjenom Myrkers Mur
Og dei Daude vekkja!

2 Myrkret enn er stort paa Jord,
Skodda ligg so diger.
Herre Gud, send ut ditt Ord
Og giv Ljoset Siger!
Saa ditt dyre Sædekorn
Paa dei vide Vangar!
Skap eit Folk av Ljosens Born
Utav Daubens Fangar.

3 Vig du deg ein Vitneher!
Salva med din Ande
Sendemenn, som Ordet ber
Rundt i Heidninglande!
Er enn Vegen myrk og trong,
Du kann Myrkret klaara,
Giva Haust med Gledsong,
Der me saa med Taara!

4 Gud, som er so rik paa Raad,
Høyr no vaare Bøner!
Send du Livsnes gode Saad
Ut til Daubens Søner!
Driv du mange Saafolk ut
Til den store Plognad!
Signa deim, so dei til Slut
Sjaa di Grøda mognad!

5 Herre, Hausten alt er stor:
Sjaa, kor Marker kvitna!
Trugne Røyster rundt paa Jord
Um di Frelsa vitna.
Gode Hyrding, til di Hegn
Heidningfolk seg hopar.
Turre Land um Dogg og Regn
Upp til Himmels ropar.

6 Jesus, giv oss Naade til
Ut ditt Bod aa bera!
Signa deim, du senda vil,
Trutt ditt Verk aa gjera!
Fylg du med diSendeferd,
Styrk deim, der dei strida!
Lat deim standa i di Gjerd
Med ditt Sverd ved Sida!



Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #663

Author: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Ber no Bod til Heidningland
Author: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Tone: Sørg, o kjære Fader, du (L. 525)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #663

Suggestions or corrections? Contact us