710. Naar Herre er ein Hyrding god

1 Naar Herre er ein Hyrding god,
Og inkje Vondt deim rører,
Som fylgia vil med hugheilt Mod,
Der denne Hyrding fører.

2 Han fører deim paa grøne Eng,
Ti ljose, væne Vangar,
Der Livsens stille Kjelda djeng,
Og Blomen ljuvleg augar.

3 Naar nokon fraa hans frelste lokk
Ikring paa Villstig vankar,
Han med sin sæle Hyrdinglokk
Deim atter til seg sankar.

4 Med Namn han kallar kvar og ein,
Hans Røyst kann Hjartat verma,
Og ingen huglaus Leigekvein
Den Røyst kann etter herma.

5 Og naar eit Lamb er veikt og sjukt,
Han ber det heim paa Armen.
Han lyster det so mildt og mjukt
Og legg det linnt til Barmen.

6 Min Hyrding god! du fann og meg
So arm og illa hugad,
Som vesle Lamb paa utrygg Veg
Av Varg og Villdyr trugad.

7 Du førde meg paa Livsens Leid
Til Livd og Fred og Kvila,
Der eg som Fuglen høgt i Reid
Ned til all Naud kann smila.

8 Der kviler eg i heilag Trygd
Fyr alle, som meg trengjer.
Der er eg gjøymd og yverskygd
Inn under dine Vengjer.

9 Og um eg gjeng i myrke Dal
Og dimme Dandeskuggar,
Din Hyrdingstav meg leida skal,
Di Hyrdingrøyst meg hyggar.

10 Din Ande dagleg ut meg driv
Til Livsens Hagelende,
Der Kjelda spring med evigt Liv
I Aldrar utan Ende.

11 Der drikk eg Liv i lange Drag
Av Livsens Brunn og Kjelda.
Der vil eg liva all min Dag,
Alt til eg her skal kvelda.

Text Information
First Line: Naar Herre er ein Hyrding god
Author: Blix
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Salmar til Kyrkjeaaret: 2. Sundag etter Paaske; Hymns for the Church Year: Second Sunday after Easter; Guds Kald (5 more...)
Notes: Tone: Op al den Ting, som Gud har gjort (L. 451)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us