15103. Den Stunda I Getsemane

1 Den stunda i Getsemane
Eg aldri gløyma kan,
Då du låg skjelvande på kne,
Min Gud og Frelsarmann.

Kor:
Getsemane, Getsemane,
Der du, min Frelsar god,
For meg låg skjelvande på kne
Så sveitten draup som blod!

2 Du sorgtyngd inn i hagen kom
Og stridde sårt for oss,
Du tok vår synd, vår død og dom,
Du bar det til din kross. [Kor]

3 Av kjærleik der du sveitta blod,
Av kjærleik der du bad,
Av kjærleik skjelvande du stod,
Så eg går frelst og glad. [Kor]

4 Men vil min kjærleik kolna av,
Min Frelsar, eg deg bed:
Å, minn meg om din kross og grav
Og om Getsemane! [Kor]

Text Information
First Line: Den stunda i Getsemane
Title: Den Stunda I Getsemane
English Title: My Jesus, I would ne'er forget
Author: Edward P. Hammond
Translator: Johannes A. Barstad
Alterer: Bernt Støylen
Language: Norwegian
Copyright: Public Domain
Tune Information
Name: DEN STUNDA
Composer: Asa Hull
Key: E Major
Copyright: Public Domain



Media
Adobe Acrobat image: PDF
MIDI file: MIDI
Noteworthy Composer score: Noteworthy Composer Score
More media are available on the tune authority page.

Suggestions or corrections? Contact us